Om Utrøna

Utrøna Seglarlag er eit idrettslag tilknytta Norges Idrettsforbund og Norges Seilforbund.

Navnet til laget kjem frå den sterke solgangsbrisen som bles på Voldsfjorden på fine sommardagar. Denne vinden vert lokalt omtalt som Utrøna. Vinden oppstår som følgje av at sola varmar opp landmassane lenger inne i fjorden, dette gjer at lufta stig og skapar eit undertrykk, som igjen «sug» luft innover fjorden.

Laget har som vedtektsfesta formål å fremje idrett og friluftsliv på og ved sjøen i Volda kommune. I hovudsak segling med brett, joller og kite.

Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Styret er ansvarleg for drifta av laget mellom årsmøta.

Copyright © 2015 Utrøna Seglarlag ORG: 889687762 | Innlogging | Kontaktinfo: webmaster@utrona.no
Webdesign by SjimpHansen Media