Fasilitetar

Utrøna Seglarlag etablerte i 2013 eit heilt nytt anlegg for kite og windsurfing ved fjorden i Volda. Anlegget vert omtalt som «Steinbrotet» sidan det var her steinen til muring av moloen i sentrumshamna i Volda vart tatt ut. Anlegget består av eit stort naust tilrettelagt for oppbevaring av utstyr i tillegg til eit opphaldsrom og to garderober. Utanfor naustet er ein stor platting for rigging av utstyr og ei 25 meter lang flytebrygge for å gjere tilgangen til fjorden så enkel som mogleg.

I tillegg til Steinbrotet har medlemar tilgang til eit naust ved Rotevatnet der ein del nybyrjarutstyr vert oppbevart. Meir informasjon om Steinbrotet finn du her.

10394053_10202194286001736_8932674243867896716_n

Platting og flytebrygge sett frå naustet.

utrona1001

Naustet sett frå flytebrygga

utrona1000

Aktivitet og sol på plattingen

 

Copyright © 2015 Utrøna Seglarlag ORG: 889687762 | Innlogging | Kontaktinfo: webmaster@utrona.no
Webdesign by SjimpHansen Media