Historie

Nyare historie (etter år 2000):

Etter at Utrøna hadde si storheitstid på 80- og 90- talet var både aktiviteten og antal medlemar på retur på byrjinga av 2000-talet. Ein hovudårsak til dette var nok at mange av dei mest aktive personane i laget vart vaksne og etablerte seg med familie, både i og utanfor Volda, og dermed naturleg nok fekk mindre tid til å windsurfe. Samstundes hadde ikkje rekrutteringa vore god nok til at yngre krefter kunne halde aktiviteten oppe. Vidare var dei få kitarane og windsurfarane som var aktive lokalisert på to forskjellige stadar. Windsurfarane brukte det gamle Utrøna-naustet i Vikane, medan kitarane heldt seg på Vikeneskaia sidan det ikkje var mogleg å launche kite ved det gamle naustet.

Det var behov for å gjere noko for å skape auka aktivitet i Utrøna. Eit par eldskjeler byrja dermed å legge planar for eit nytt anlegg som kunne vere teneleg for både kite og windsurf. Etter å ha gått fjøra frå Andaneset til Mork var det klart at det berre var ein stad som var egna. Dette var det gamle steinbrotet der det hadde blitt tatt ut stein til muringa av trappene på innsida av moloen på sentrumahamna. Etter ein lang prosess sikra Utrøna seg i 2011 retten til grunnen gjennom en 40 års leigeavtale med Volda Kommune. Etter dette skaut prosessen fart, og fleire og fleire byrja etter kvart å tru på at «luftslottet» som hadde blitt omtalt i ti år kunne bli realisert.

I 2011 vart Utrøna tatt opp som eige idrettslag i NIF, og same haust vart det søkt om spelemidlar til realisering av anlegget. Våren og sommaren 2012 vart brukt til detaljplanlegging og rydding av tilkomsten og tomta til anlegget. Seinhaustes 2012 var gravemaskina på plass og byrja grunnarbeidet. Grunnarbeidet vart ferdig i januar i 2013, og i byrjinga av mars vart det varmt nok til at fundamentet til naustet kunne støypast. Målsetninga om å ha anlegget klart til sesongen på fjorden starta vart meir og meir realistisk. Alt av material til bygginga av naustet vart levert med båt like før påske. Og i påska vart alle mobilisert for å røyse naustet på rekordtid. Fem dagar seinare var naustet og plattingen ferdig.

18. mai vart anlegget offisielt opna av ordførar, Arild Iversen. Veka etter vart brygga lagt ut, og anlegget vart dermed klart til sesongen 2013.

Bygging av forskaling

Betong levert med traktor

Materialen vert levert

Bjelkelaget er på plass

surf-13

Effektivitetsprisen 2013 går til…

surf-12

Fint dugnadsver

Takstolane vert løfta på plass

Det er ikkje alle som har karnapp på plattingen sin

Siste innspurt på plattingen

Frå åpninga 18. mai

Høgtidleg snorskjering

Første prøvetur

Copyright © 2015 Utrøna Seglarlag ORG: 889687762 | Innlogging | Kontaktinfo: webmaster@utrona.no
Webdesign by SjimpHansen Media