Vedtekter

Vedtekter for  Utrøna Seglarlag

 Org. nr.: 889 687 762

 

  1. Navn

Laget sitt navn er Utrøna Seglarlag (Organisasjonsnummer: 889 687 762)

  1. Føremål

Utrøna Seglarlag er ein open organisasjon der alle kan teikne medlemskap. Laget skal fremje idrett og friluftsliv på og ved sjøen i Volda kommune. I hovudsak segling med brett, joller og kite.

Utrøna Seglarlag driv utan profittformål, og har ingen kommersielle interesser utover å dekke løpande kostnader og legge til rette for aktivitet blant laget sine medlemar.

  1. Grunnkapital

Grunnkapitalen til Utrøna Seglarlag ved stiftinga 03.06.2006 var på 0 NOK. I tilleg eigde klubben seglbrett som vart brukt i samband med opplæring. Samla verdi sett til kroner 5 000 NOK.

  1. Bruk av overskudd

Alt overskudd skal brukast til å oppretthalde og stimulere til auka aktivitet i samsvar med punkt 1 i vedtektene,

  1. Styrande organ

Styrande organ i Utrøna Seglarlag er årsmøtet og styret.

  1. Årsmøte

Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av april månad og gjerast kjent for medlemene minst 21 dagar på førehand.

Saker som eit medlem ønskjer handsama på årsmøtet må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet.

Årsmøtet kan gjere vedtak om å ta opp lån i laget sitt namn for løysing av større prosjekt. Årsmøtet avgjer slike saker med vanleg fleirtal.

Alle medlemer som har betalt medlemskontingent har røysterett på årsmøtet.

Årsmøtet skal handsame følgjande saker:

  1. Opning, godkjenning, val av møteleiar og referent.
  2. Årsmelding frå styret.
  3. Rekneskap framlagt av styret i revidert stand.
  4. Budsjettforslag frå styret.
  5. Fastsetjing av medlemskontingent og naustavgift.
  6. Innkomne saker.
  7. Gjere val av:

A – styreleiar etter punkt 7 i vedtektene
B – styremedlemer og varamedlemer etter punkt 7 i vedtektene
C – revisor
D – vedlikehaldsnemnd

Årsmøtevedtak vert gjort med vanleg fleirtal. Ved like stemmer vert møteleiaren si stemme avgjerande. Årsmøtet kan vedta vedtektsendring med 2/3 fleirtal. Framlegg må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet. Det må gå fram av innkallinga til årsmøtet at vedtektsendring vil verte foreslått.

Årsmøtet kan vedta utfyllande forskrifter til kvart punkt i vedtektene.

  1. Samansetjing av styret

I perioden mellom årsmøta vert Utrøna Seglarlag leia av styret, beståande av: Leiar, sekretær, kasserar og to styremedlemar. Det vert og valt to varamedlemar.

Styret vert valt med funksjonstid på 2 år. Kvart andre år er leiar og eit styremedlem på val. Året etter er det val av dei resterande medlemane.

  1. Styret

Det er styret som har bindande signatur for Utrøna Seglarlag. Styret kan gjere vedtak når minst 3 medlemar er tilstades, og skal ta seg av saker som har tilknyting til dagleg drift av Utrøna Seglarlag. Det skal førast protokoll frå kvart møte. Styret konstituerer seg sjølv. Styret gjer framlegg for årsmøtet om pris på medlemskontingent og naustavgift.

  1. Nemnder

Under styret sorterer ei Vedlikehaldsnemd med 2 medlemar. Funksjonstida er 1 år. Vedlikehaldsnemnda fører tilsyn med anlegget og har ansvaret for at naudsynt vedlikehald vert utført. Nemnda må ha styret si godkjenning før større vedlikehaldsarbeid vert sett i verk.

Valnemnda skal ha 2 medlemar og skal levere si innstilling til årsmøtet. Avtredande styremedlemar går inn i valnemda.

  1. Ekstraordinært årsmøte

Det skal haldast ekstraordinært årsmøte med 8 dagars varsel når styret finn det naudsynt eller når minst 1/3 av medlemene set fram krav om slikt årsmøte. Kravet skal då vere skriftleg og rettast til styret. På ekstraordinært årsmøte kan det berre handsamast saker som er nemnt i innkallinga.

  1. Medlemskap

Medlemar i Utrøna Seglarlag er dei som har betalt medlemskontingent.

Alle medlemar betalar medlemskontingent. Medlemskontingent vert fastsett av årsmøtet og skal betalast innan 31.mars.

  1. Diverse

Utstyr: Kvart enkelt medlem må forhalde seg til gjeldande reglar for bruk av anlegget. Desse vert oppslått i naustet.

Tjuveri/skader: Utrøna Seglarlag er ikkje ansvarleg for å halde personleg utstyr som vert oppbevart i naustet forsikra.

  1. Brot på laget sine vedtekter

Medlemene pliktar å rette seg etter vedtektene og regelverket som til ei kvar tid gjeld. Medlemer som ikkje respekterer laget sine vedtekter og reglar kan seiast opp. Eit medlem som blir sagt opp mister retten til naustplass. Styret gjer vedtak i slike saker, men vedtaket kan ankast til Årsmøtet, som har endeleg avgjerd med vanleg fleirtal.

  1. Oppløysing av Utrøna Seglarlag

Framlegg om oppløysing av Utrøna Seglarlag må vere styret i hende seinast 14 dagar før årsmøtet der vedtak skal gjerast. Vedtak om oppløysing kan berre gjerast av eit årsmøte der minst 2/3 av medlemane i laget er til stades og vedtaket om oppløysing krev at 2/3 av laget sine medlemar stemmer for det.

Det årsmøtet som fattar vedtak om oppløysing må årsmøtet velje avviklingsstyre. Det må dessutan gjerast vedtak om kva laget sine aktiva på oppløysingstidspunktet skal nyttast til og korleis gjeld skal dekkast. Dette vedtaket må vere i samsvar med retningslinene for tildeling av spelemidlar (Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet – 2011, V-0732 B) og avtale for bruk av grunn med Volda Kommune (Avtale mellom Utrøna seglarlag og Volda kommune v/ørdføraren, vedrørande bygging og bruk av aktivitetsbygg i Steinbrotet.).

  1. Lovverk

Utrøna Seglarlag følgjer norsk lov og gjeldande regelverk for frivillige lag og organisasjonar.

 

 

Vedtektene i PDF-format

Copyright © 2015 Utrøna Seglarlag ORG: 889687762 | Innlogging | Kontaktinfo: webmaster@utrona.no
Webdesign by SjimpHansen Media