Spotguide

Spotguide

Generelt

Spotguiden gir ein kort presentasjon av «kitespotane» i regionen. På kvar spot er det er det forklart korleis ein kjem seg til spoten, og eventuelt kvar ein skal parkere. Vidare er det beskreve korleis spoten er, kva vindretning den er best på, kor store bølger ein kan forvente og andre særtrekk det kan vere verdt å vite om. Til slutt vert eventuelle særskilte faremoment påpeikt.

Kite / vindsurf

Spotguiden er i utgangspunktet skrive for kitarar. Vi har valt å gjere det slik på grunn av at dei fleste spotar som funkar for kitesurfing også funkar for windsurfing, men ikkje omvendt, sidan kiting stiller større krav til vind og omgivnadar i samband med launching og landing av kite. Spotar som berre er eigna for windsurfing vil også verte tatt med, men det vert då tydelig presisert i beskrivelsen at dette ikkje er ein kitespot.

Vurderingar

Spotguiden er basert på enkeltpersonar sine erfaringar og vurderingar av spoten og tilknytta faremoment. Vurderingane er subjektive og andre vil kunne gjere andre vurderingar og identifisere andre faremoment. Spotguiden må derfor berre brukast som ei vegleiing. Kvar enkelt må gjere sine eigne vurderingar med utgangspunkt i eigne ferdigheiter, utstyr, vær og andre forhold.

Ny spot? / Endre info på spot?

Dersom du er ueinig med ein beskrivelse, eller meiner at noko er feil, set vi stor pris på at du tek kontakt og gjer oss merksame på det. Har du forslag til andre spotar som du meiner at vi bør ta med kan du sende oss ein epost på webmaster@utrona.no.

Copyright © 2015 Utrøna Seglarlag ORG: 889687762 | Innlogging | Kontaktinfo: webmaster@utrona.no
Webdesign by SjimpHansen Media