Steinbrotet

Utrøna-8530

Naustet frå brygga

Anlegget til Utrøna Seglarlag er lokalisert like vest for Volda sentrum, på den staden der solgangsbrisen bles sterkast. At vinden på fine sommardagar vert sterkast her, skuldast at kald luft vert trekt innover fjorden for å erstatte lufta som stig opp på grunn av soloppvarming av landmassane lenger inne i fjorden. Akkurat der steinbrotet er smalnar fjorden litt inn, og vinden stryper mellom Kleppåsen på Voldasida og Kornbergsveten på Folkestadsida av fjorden. Dette gir eit belte med sterkare vind. Ofte kan det på slike dagar være vindstille på øyane i ytre strøk, samstundes som det bles 8-10 m/s utanfor Steinbrotet. Det er denne vinden som vert kalla Utrøna.

Anlegget består av eit stort naust som er spesialtilpassa kite og windsurfing. Hovuddelen av naustet vert nytta til utstyrsoppbevaring for medlemar. I tillegg vert laget sitt utlånsutstyr oppbevart her. På framsida av naustet er det tre store doble dører som gjer at ein kan opne opp nesten heile framsida av naustet. Dette gjer at det er svært enkelt å få utstyr inn og ut av naustet.

Naustet har også eit opphaldsrom som kan oppvarmast og fungerer som møtelokale og som varmestove på kalde dagar. I tillegg er det to enkle garderobe i naustet.

Framfor naustet er ein stor platting som vert nytta til klargjering av utstyr og oppbevaring av utstyr når ein treng ei pause mellom slaga på fjorden.

For å lette tilgangen til fjorden og for å muliggjere launching av kite er det lagt ut ei 28 meter lang flytebrygge framfor naustet. I ytterste enden av brygga er det spent opp eit nett like under vassflata. Dette gjer at det er enkelt å komme seg opp på brygga frå sjøen.

Utrøna-8546 Utrøna-8677 

Utstyrsoppbbevaring

Medlemar som har betalt naustleige får tilgang til eit låsbart skap og til to riggplassar og to brettplassar.

Kajakkboksar

Under naustet er det fem oppbevaringsboksar for kajakk som kan leigast av medlemar. Alle boksene er per dags dato i bruk. Om det er fleire som ynskjer å leige oppbevaringsboksar for kajakk kan dei melde si interesse ved å sende ein e-post til utrona@gmail.com. Vi vurderer å utvide kapasiteten for kajakkoppbevaring.

 

Redningsbåt

20130811_205228

Båt til redning av uheldige kitarar

Ved naustet har laget også ein båt som vert nytta til opplæring og til å hente/assistere kitarar og windsurfarar som treng hjelp. Sidan det er to ferjer som trafikkera fjorden er båten viktig for å kunne få personar ut av fergeleia dersom vinden stilnar eller problemer med utstyret gjer at ein vert liggande å drive. Båten er av typen River 350 med ein 10 hk Mercury påhengsmotor.

Veibeskrivelse

Følg E39 vestover frå Volda sentrum og parker på parkeringsplassen på nedsida av vegen 400 meter etter avkøyringa til fergekaia. Gå ned den bratte bakken frå parkeringsplassen, og følg vegen vidare utover til anlegget. IKKJE køyr ned bakken frå parkeringsplassen, det er ikkje sikkert du kjem deg opp igjen…

Kart steinbrotet

Veibeskrivelse: Blå strek markerer vegen med utgangspunkt i avkøyringa til Volda fergekai

Copyright © 2015 Utrøna Seglarlag ORG: 889687762 | Innlogging | Kontaktinfo: webmaster@utrona.no
Webdesign by SjimpHansen Media