Kitelaunch

kite utrønaLaunching og landing av kite er noko som vanlegvis går føre seg på ei sandstrand. I Voldsfjorden er dette mangelvare, og vert derfor gjort frå ei flytebrygge. For å gjere dette så trygt og effektivt som mogleg har vi laga nokre retningsliner og ein demonstrasjonsfilm for launching og landing av kite. God kitekontroll er ein føresetnad for å launche og lande kite på brygga.

Launching:
1. Gjer klart alt utstyret på plattingen utanfor naustet. Blås opp kiten, finn fram brett og liner, ta på våtdrakt, trapes og hjelm FØR du går ned på flytebrygga.
2. Ta med brett og liner ned på flytebrygga. Legg brettet på ytterste enden av brygga. Legg ut linene innover brygga.
3. Hekt fast «chicken-loopen» i karabinkrok i innerste enden av brygga. Gå opp linene og «kil fast» endane i sprekkene på dekket.
4. Hent kiten og knyt på linene.
5. Sett kiten på sjø på downwind-sida av brygga. Hold i den av senterlinene som er nærast sjøen dersom du må entre kiten ut.
6. Hekt fast «safety-leashen» før du hektar «chicken-loopen» av karabinen og inn på trapesen.
7. Styr kiten opp frå sjøen. Hald kiten i retning mot fjorden medan du går utover brygga.
8. Plukk opp brettet og kom deg utpå.

Landing:
1. Gå opp på nettet i enden av brygga.
2. Legg frå deg brettet i enden av brygga. Hald kiten i retning mot fjorden medan du går innover brygga.
3. Styr kiten ned til den står på sjøen og slepp baren.
4. Hekt fast «chicken-loopen» i karabinkroken i innerste enden av brygga, før du hektar av «safety-leashen».
5. Følg senterlina nærast sjøen utover og løft kiten inn på brygga.
6. Koble frå linene og ta med kite og brett opp på plattingen.
7. Rull inn linene.

Copyright © 2015 Utrøna Seglarlag ORG: 889687762 | Innlogging | Kontaktinfo: webmaster@utrona.no
Webdesign by SjimpHansen Media