Naustreglar

Naustet:
– Berre medlemmar har tilgang til naustet.
– Den siste som forlet naustet er ansvarleg for å låse.
– Kvar enkelt er ansvarleg for å rydde etter seg, og ta med boset sitt.

Utlånsutstyr:
– Berre medlemmar har tilgang til å bruke utstyret til laget.
– Den som låner utstyr er ansvarleg for å levere tilbake utstyret etter bruk.
– Skadar eller feil på utstyret skal meldast til styret.

Personleg utstyr:
– Kun medlemmar som har betalt ”naustleige” kan oppbevare utstyr i naustet.
– Utstyr som vert oppbevart i naustet skal oppbevarast på merka plassar.
– Utstyr som vert oppbevart utanfor dei låsbare skapa skal vere merka med namn.
– Det er ikkje tillat å bruke andre medlemar sitt utstyr utan løyve frå eigaren.
– Medlemmar som har betalt naustleige kan oppbevare inntil to seglbrett og to oppsette riggar i naustet. Anna utstyr skal oppbevarast i dei låsbare skapa.

Redningsbåt:
– Båten skal berre nyttast i samband med redning og opplæring.
– Det skal ikkje vere personar om bord i, eller i nærleiken av båten medan den vert løfta opp på, eller senka ned frå kaia.
– Bensintanken og dødmannsknappen skal koplast frå og takast inn i naustet etter bruk.
– Krana og båten skal låsast av etter bruk.

Flytebrygga:
– Det skal ikkje oppbevarast utstyr på flytebrygga. Denne skal berre nyttast til å komme seg ut og inn. Ved pauser kan opprigga utstyr lagrast på plattingen framfor naustet.
– Utstyr skal i så stor grad som mogleg klargjerast før det vert tatt ned på flytebrygga. Dette for å minimere kvar enkelt sin tidsbruk på flytebrygga. Dette gjeld særleg kiterar.
– Kite skal landast på flytebrygga, og ikkje på plattingen framfor naustet.
– Ved letting og landing av kite skal andre brukarar halde seg vekke frå flytebrygga.

Sikkerheit:
– Kvar enkelt brukar er ansvarleg for si eiga sikkerheit.
– Kvar enkelt brukar er ansvarleg for å nytte egna tryggleiksutstyr (hjelm, flyte-/redningsvest, impactvest, etc.), samt å nytte tryggleiksutstyr og anna utstyr i samsvar med produsenten sine retningsliner.
– Alle brukarar er ansvarleg for å hjelpe andre som får problem og treng hjelp.
Brot på reglane fører til skriftleg varsel frå naustnemnda. Grove eller gjentekne brot på reglane skal handsamast i styret, og kan straffast med ekskludering frå laget.

Copyright © 2015 Utrøna Seglarlag ORG: 889687762 | Innlogging | Kontaktinfo: webmaster@utrona.no
Webdesign by SjimpHansen Media