Utstyr

Utrøna Seglarlag har åtte windsurfbrett med rigg til utlån. Alle som har betalt medlemskontingent har tilgang til å låne utstyret. Utstyret er tydeleg merka med “UTRØNA” i raud skrift.

Utstyret dekker alle ferdigheitsnivå frå nybyrjar til vidarekomen. Laget har også to små riggar til born.

Ein del av utstyret vert oppbevart i naustet i Steinbrotet og ein del av det vert oppbevart i naustet ved Rotevatnet.

Lån av utstyr skjer på eige ansvar. Det er berre betalande medlemar som kan nytte utlånsutstyret.

 

Copyright © 2015 Utrøna Seglarlag ORG: 889687762 | Innlogging | Kontaktinfo: webmaster@utrona.no
Webdesign by SjimpHansen Media